REDD ELVENE!

Redd Elvene!

Naturen er truga. Artar døyr, naturområder forsvinn, gift sleppast ut og vassdrag blir utbygd. Dette må vi gjere noko med!

Det store tapet av naturmangfald, er saman med klimaendringar, det største miljøproblemet vi har. Og naturen forsvinn i ei skremande fart. Kvart 10. minutt døyr det ut ein art frå jorda vår, dette er ei hastigheit vi ikkje har sett sidan dinosaurane døydde ut. Dette kan få fatale konsekvensar for jorda vår, og menneska som bur her, om vi ikkje gjer noko med det.

I Noreg vassar vi i vasskraft, og to tredelar av alle norske vassdrag er utbygd. Sju av dei ti høgaste fossane er lagt i rør. Det er skikkeleg kjipt, for vassdragsutbyggjing er ei stor påkjenning for naturen og vi kan ende opp med å miste mykje viktig og verdifull natur.

Desverre er det slik at sjølv om vi har så mykje vasskraft i Noreg, er framleis mange truga av kraftutbyggjing. Derfor må vi verne vassdraga, vi skal redde elvene! All gjenverande vassdragsnatur i Noreg må få varig vern. For å få meir fornybar energi i landet må vi heller byggje ut meir miljøvenleg vindkraft og oppruste og effektivisere dei allereie utbygde vasskraftverka, så lenge det ikkje gir kostnadar på naturen.

Kampanjen Redd Elvene er ein kampanje Natur og Ungdom saman med Naturvernforbundet, Padlerforbundet, Den norske turistforening og Dnt Ungt har for nettopp å redde elvene. Lær meir om vassdrag, send postkort til politikerane og bli med i kampen for å redde dei gjenverande elvene i Noreg.

www.reddelvene.no

Vist 100 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder