Aksjonsveke mot fjorddeponi !

Det nermar seg aksjonsveke. Aksjonsveka mot fjorddeponi, for reine fjordar og verdifull natur. Vi skal vise at ungdom bryr seg om framtida vår, at det er stort engasjement runt å bevare resten av den reine naturen. For la oss vere ærleg; det er ikkje særskilt mykje igjen.

Førdefjorden er ein av dei siste reine fjordane i landet, og Nordic Mining vil gjere den om til ein avfallsplass. Saka ligg no inne for behandling hos Mildjødepartementet og Erik Solheim. Seier miljøvernministeren ja til å dumpe 720 lastebillass med avfall rett i fjorden, kvar dag i 50 år, vil ikkje det berre kunne øydeleggje livet i fjorden. Det gir også signal om at naturen ikkje er noko særskilt, noko som vi ikkje treng å ta vare på.

7. til 13. november skal heile NU-Noreg vise at naturen er noko særskilt, som vi treng å ta vare på. Vi skal setje ned foten, slå ring om, droppe banner for og krevje at Erik Solheim tenkjer på framtida vår, og seier nei til å omgjere Førdefjorden til avfallsplass.

Med kule aksjonar, sta ungdom og kravet om at Førdefjorden haldast rein skal vi vinne. Gjennom bannerdropp, nattaksjonar, gåveaksjonar til politikerar, postkortkampanjen og enorm mediedekning skal vi skape større merksemd rundt natur og vinne Førdefjorden.

Etter aksjonsveka skal vi møte Erik Solheim og overekkje han postkorta, så det er viktig at alle sender inn postkort til Natur og Ungdom Torggata 34, Postboks 4783 Sofienberg, 0506 Oslo.

Vist 95 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder