På kystturné for vindkraft

Dei siste dagane har Natur og Ungdom lagt ut på reise Nordvestlandet rundt for å krevje utbygging av meir fornybar vindkraft, og for å få fleire samarbeidspartnarar. Vi har møtt forkjemparar, utbyggjarar og motstandarar, for å prøve å eines om felles mål for utbygginga av vindkraft i Midt-Noreg.

Skal vi hindre farlege klimaendringar, men framleis ta vare på verdifull natur må vi sjå på dei samla konsekvensane av det vi gjer. Då er det viktig å ta omsyn til naturen når ein byggjer ut, men ikkje la utsjånad avgjere kva energi vi produserer! Det har vi snakka med både utbyggjarar og motstandarar om.

Og så har vi vore på sight-seeing langs nordvestlandet då, ikkje dårleg berre det.

Vist 71 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder