Viser arkivet for stikkord bremangerlandet

Verda treng vindkraft

Menneskeheita i dag står overfor ei av dei største utfordringane i moderne tid: Klimaendringane. Og er det noko det internasjonale klimatoppmøtet i Durban, Sør-Afrika har vist, er det at ei løysing ikkje kjem til å kome av seg sjølv. Det er difor Noreg treng meir vindkraft.

Klimaproblemet krev at Noreg kuttar utsleppa av farlege klimagassar med opp mot 40 prosent innan 2020. Om ni år tel vi 2020, det er ikkje lenge til. Det krev at vi tek i bruk dei løysingane vi har. Forrige uke viste oss at sjølv om internasjonale klimaforhandlingar er viktige, vil dei ikkje i seg sjølv løyse klimaproblemet. Løysinga kjem til å kome lokalt.

Klimagassutslepp kjem frå bruk av fossil energi. Olje, kol og gass. Det fins to enkle måtar å redusere dei på. Anten å ikkje bruke energien i det heile. La bilen stå, skru ned varmen på oljefyren, eller stenge oljeplattformene og gasskraftverka som står på dei. Den andre er å erstatte ho med fornybar energi. Energi som ikkje slepp ut klimagassar, og som kjem frå kjelder som av natur er uuttømmelege.

Vindkraft er blant formane for fornybar energi med minst grad av inngrep i naturen. Likevel må kvar park sjåast for seg. Verda står òg overfor ei massiv utrydding av dyre- og planteartar, av mangfaldet i naturen. Ein kan ikkje gå inn for å løyse klimaproblemet utan å ta omsyn også til denne utfordringa.

Difor meiner Natur og Ungdom at ein ikkje bør byggje ut all vindkraft. Vi må byggje ut den som er miljøvennleg. Som ikkje har uerstatteleg kostnad for livet i naturen.

I Sogn og Fjordane har fire større parkar vore ute på høyring. Ein på Bremangerlandet, ein på Guleslettene, Ulvegreina og Ytre Sula. Natur og Ungdom meiner både Guleslettene og Ytre Sula er gode prosjekter, om ein gjer ekstra utgreiingar for og tek omsyn til fuglelivet når ein byggjer ut.

Når det kjem til Bremangerlandet tykkjer vi at kunnskapen om utbyggingsområdet er for dårleg til å ta ei avgjerd. Det er ikkje gjort tilstrekkelege utgreiingar for korleis parken vil påverke naturmiljøet. Det handlar om kartlegging av artar, og det handlar om å finne gode avbøtande tiltak, slik at utbygginga blir så skånsam som mogeleg.

Ulvegreina, på si side, ligg i eit område kor ein har registrert fleire truga og verdifulle fugleartar. Hubro, havørn og kongeørn står i fare for å bli råka av nye møller. Det er viktig å ta vare på gode levestader for truga og verdifull fugl, og særleg verdifull kystfugl. Difor må ein i beste fall gjere fleire, grundige undersøkingar om ein skal vurdere ei utbygging. Slik det ligg i dag kan ein ikkje tillate å byggje ut parken.

Så det er viktig å sjå fleire sider i saka. Men vi må vedgå: Det er mykje betre å sjå vindmøller enn det er å sjå klimaendringar. Jo, det er lettare å sjå møllene, men konsekvensane av klimaendringane er mykje større. For oss i form av meir regn langs kysten. Og for andre land i form av tørke og mangel på mat.

Så sei ja til miljøvenleg vindkraft. Verda treng nokon som går framom. Verda treng Sogn og Fjordane. Som tør å seie: Vi tek på oss oppgåva med å lage fornybar energi. Fordi klimautfordringa krev det. Og fordi vi kan.